GUDVALDS TIDENDE
Show | 8. april, 17

GUDVALDS TIDENDE

Gudvalds Tidende

I mars er det fem år sidan førre gong den lokale humoristen Roy Aron Myklebust sette opp eige show. I 2012 heitte humorshowet Gretne, galne gubbar. To år før debuterte Myklebust som solo-humorist med Etter fjøstid. 

No er han altså tilbake, og til liks med dei to føregåande showa blir den pensjonerte trappesnikkaren og småbrukaren Gudvald ein sentral aktør. Denne gongen har den godlynte figuren starta eiga avis, og publikum kan glede seg til besøk i redaksjonen av kjende og nye karakterar. I nettutgåva av lokalavisa dukkar det også opp video-reportasjar du aldri trudde du ville sjå!

Roy Aron er ein etter kvart røynd revyartist som har hausta fleire prisar i regionale revykonkurransar. Han har også teke seg til finale under NM i revy på Høylandet (2015) og vart plukka ut til show i Olavshallen same haust.

Showet Gudvalds Tidende er i hovudsak skrive og produsert av Myklebust sjølv, men denne gongen har han med seg den erfarne tekstforfattaren Erlend Engan frå Lånkerevyen utanfor Trondheim. Engan, som har bidrege med teksthjelp og regi, har skrive fleire prisvinnande nummer i NM i revy på Høylandet, siste åra. På filmbiten har han hyra inn Roger Oldeide, som mellom anna har laga filmen “Sytalause spelemenn”. Ein dokumentar om Vassendgutane som har vore vist fleire gongar på TV2.

- Dette er utan tvil det mest gjennomarbeidde showet mitt så langt, og eg føler meg rimeleg sikker på at eg skal gi publikum ei meir enn hyggeleg stund i Samfunnshallen, seier Myklebust.

 

Aktive dagar magiske kveldar

I kystbyen Måløy finn du Nordfjordhallen - Nordfjord si storstove for idrett og kultur. Under same tak har vi innandørs kunstgrasbane, fleirbrukshall, klatreveggar, løpebaner, turngrop, treningsrom, skytebane, kantine, møterom og kulturhus.

TRENINGSTIDER FOTBALLHALL

TRENINGSTIDER FLERBRUKSHALL

UTLEIE: BORD/STOLER

UTLEIE: KANTINE

 

GAVEKORT TIL ARRANGEMENTER

 

 

 

 

 

 

NORDFJORDHALLEN
6718 Deknepollen, MÅLØY
post@nordfjordhallen.com
Kontor (Man-Fre) 08-15: 57 85 36 90