Laster Hendelser

« All Events

Adam Douglas An American Holiday // Torsdag 10. des kl. 19:00

desember 10 @ 19:00 - 20:45

Adam Douglas til Måløy og Nordfjordhallen torsdag 10.desember 2020
Adam Douglas har gleda av å invitere til den kritikarroste publikumssuksessen «An American Holiday with Adam Douglas». Turneen har gått for fulle hus tre år på rad, og blitt til eit livealbum som har fått glimrande anmeldingar. Turneen blei til etter at Adam hadde ein drøym om å kunne presentere ekte Amerikansk julemusikk for det norske folk, og har samla saman låtar som for han symboliserer jula og denne flotte tida. «An American Holiday with Adam Douglas» selde over 10.000 billettar i fjor, og albumet med same tittel var eit av dei mestseljande albuma før jul på Platekompaniet i fjor. Begge deler har fått strålande kritikkar. Årets utgåve av «An American Holiday» får eit av Norges beste liveband forsterkningar frå Traces Gospel Choir – i tillegg til sjefen sjølv. Til samen vil det være 12 musikarar på scena, og er ein av dei største omreisande juleturneane i Norge. Adam Douglas har på få år markert seg som ein av Norges mest hardtarbeidande artistar, med sin store stemme og delikate gitarspel.

Dette blir ein storslått julekonsert med eit amerikansk soul- og jazz-uttrykk. Her vil tema være vinter og jul. Det blir nokre klassiske julelåtar, samtidig som man vil få nye versjonar av gamle hits og nokre originallåtar. Med seg på scena har han eit fantastisk band som vil sørge for å lage ei magisk stemning. Materialet presenterast med tydelege nikk til både amerikansk storbandjazz og 60-talls soulmusikk, framført med rause dosar kjærleik, akkurat kva ein slik kveld fortenar ! Adam Douglas er oppvaksen i Oklahoma, og har budd i Chicago og Minneapolis. Han nærmast ramla inn på ei scene då han var åtte år og har sidan ikkje sett seg tilbake. Adam Douglas er ein spelemann i ordet sin rette forstand. Musikken hans handlar om å spele for folk. Om augeblikka som skjer på scena, og om augeblikka som skjer i møtet med publikum.

Det var fyrst hausten 2017 at Adam Douglas skulle ta steget ut av undergrunnen og inn i dei tusen heimar. Kvar laurdag løyste han nye musikalske utfordringar i Stjernekamp, og enda opp med å vinne hele konkurransen. Jula 2017 framførte han sin julekonsert med stor suksess for fire fullstappa salar i Nordstrand kyrkje på to dagar. Opptaket blei kringkasta av NRK romjula, og visar ein moden artist med sterk formidlingsevne og speleglede

Adam Douglas har med seg The American Holiday band og Traces Gospel Choir.

2020 blir nok eit hektisk år for Adam Douglas med konsertar over hele landet, og saman med publikum ser han fram til også i år å senke skuldrane og spele jula inn. Hjarteleg velkommen til «An American Holiday with Adam Douglas»!

Detaljer

Dato:
desember 10
Tid
19:00 - 20:45
Hendelse Kategori:

Detaljer

Dato:
desember 10
Tid
19:00 - 20:45
Hendelse Kategori: