Lag Ein God Dag

Om arrangementet

2. juni inviterer vi til gratisarrangementet Lag ein god dag! Arrangementet set fokus på inkludering, respekt og omsorg – både i skulen og i arbeidslivet. Det er avgrensa tal plassar, så her gjeld førstemann til mølla på gratisbillettane som du tek ut her på nettsida.

Arrangementet er eit samarbeid mellom LO i Nordfjord, Movia, IRO i Nordfjord og Nordfjordkompaniet.

Frå kl. 10.00 til 11.30 blir det stands der du kan møte lokale arbeidsplassar og utdanningsinstitusjonar.

Deretter følgjer to timar med show og inspirasjon (kl 11.30 til 13.30), med mellom anna:

· rockekonsert med Jørn Trollebø Kvalheim

· inspirasjonsforedrag frå karrierespesialist Jørund Walseth

· innlegg frå psykolog og livsmeistringsekspert Kamal Amer

Det blir også samtalar på scena mellom elevar og bedrifter, og utdeling av IRO-prisen til ei verksemd i Nordfjord som har utmerka seg med eit særs godt arbeidsmiljø.

Arrangementet er ope for elevar i 5.–7. klasse, ungdomsskule og vidaregåande skule. I tillegg er næringsliv, offentleg sektor, pedagogar og byråkratar og gjerne vanlege innbyggjarar hjarteleg velkomne til ei god stund der vi lagar ein god dag saman.

Sikre deg billett i dag – og vel møtt!