Måløy Songlag - heilt i hundre!

Om arrangementet

Måløy Songlag - 100 år og i toppform!

Den 25. januar 1925 vart Måløy Songlag offisielt stifta. 17 modige songarar meldte seg inn, og sidan den gong har vi - med unntak av krigsåra og korona - halde tonen i heile 100 år. Det er vi ganske stolte av!

Og ein slik milepæl må sjølvsagt feirast med brask og bram.
Derfor inviterer vi til ein stor jubileumskonsert i Samfunnshallen 8. november.

Denne kvelden skal vi synge oss gjennom både gamle og nye favorittar, vise fram det enorme spekteret vårt - frå det mjukaste og mest vare til det som får taket til å løfte seg - og bevise at vi kan synge det aller meste!

Så bli med og feire hundreåringen Måløy Songlag!
Vi lovar ein kveld med latter, musikk og ekte songglede - akkurat slik eit jubileum skal vere.