Teater Vestland: Eg er Lucy Barton

Om arrangementet

For første gong på eit norsk teater kan publikum oppleve Elizabeth Strout sitt univers. Den Pulitzerprisvinnande forfattaren er kjent for å skildre vanlege folks følelsesliv med varme, djupne og kompleksitet.

Det trivielle erstatter det dype når både mor og datter er redd for å gå inn i kjernen - VG 

Lucy Barton ligg på sjukehus. Plutseleg ein dag sit mor hennar ved sjukesenga. Det er lenge sidan dei har sett kvarandre; etter at Lucy gifta seg har dei knapt hatt kontakt. For å få dottera til å roe seg begynner mora å fortelje historier om menneske i småbyen dei kjem frå, om skikkelsar dei begge ein gong kjende. På same tid fortel Lucy si eiga historie om ein oppvekst i ein vanskeleg familie.  

«Eg er Lucy Barton» utforskar krafta som ligg i forsoning og tilgiving. 

For første gong på eit norsk teater kan publikum oppleve Elizabeth Strout sitt univers. Den Pulitzerprisvinnande forfattaren er kjent for å skildre vanlege folks følelsesliv med varme, djupne og kompleksitet.  

Sagt om boka:  

Pulitzerprisvinnende Elizabeth Strout imponerer med solid stykke skrivekunst, i en roman som er fort lest, men sent glemt - VG 

”My Name Is Lucy Barton” confirms Strout as a powerful storyteller immersed in the nuances of human relationships, weaving family tapestries with compassion, wisdom and insight - THE GUARDIAN

På scenen
Idun Losnegård

Team
Kostymedesigner, regissør og scenograf: Kristina Kjeldsberg. Co-regissør: Ingvild Lien. Lyddesigner: Terje Johannessen. Lysdesigner: Kristoffer Nicolaysen. Videodesigner: David Lejard-Ruffet. Scenografi konsulent: Christina Kvamme

Regissør: Kristina Kjeldsberg

Skodespelarar: Idun losnegård

Forestillingslengde: 1 time 30 minutter (ingen pause).

Turnépremiere: Førde 15. jan 2026