Vassendgutane

Om arrangementet

20. februar 2026 inviterer "Nordfjordhallen idretts- og kulturarena" og "Jibben Bar & Scene" alle til ein ny etterlengta konsert med Vassendgutane i Samfunnshallen.

VASSENDGUTANE, ORIGINALEN AV FESTCOUNTRY!

100% LIVE - 18 ÅRS GRENSE!

Ein konsert med Vassendgutane er ei unik oppleving.

Bandet leverer eit show som få andre band i denne sjangeren kan måle seg med. Allsangen «runger» i store hallar og på dei store festivalane når bandet spelar. Stikkord er glede, fest og eit band som verkeleg inkluderer sitt publikum frå første strofe.

Bandet legg stor vekt på kvalitet og det visuelle uttrykket. Dei opptrer 100% live. Det blir råning, ungkarar og hjortejakt - og sjølvsagt slagarane «Ungkar Med Dobbelseng», «Granada», «Hjortejakt» og «Longt Inne I En Fjord».

Praktisk informasjon – Vassendgutane 27. februar 2027
Vi gler oss til å ønskje Vassendgutane velkomne tilbake til Nordfjordhallen laurdag 27. februar 2027!

Det blir ein kveld med god musikk, allsang og ekte bygderock!

Bord og sitjeplassar i salen
Etter svært gode tilbakemeldingar frå publikum sist, vidarefører vi suksessen med bord og stolar i salen!

Det blir både ståplassar og eit avgrensa tal sitjeplassar ved bord. Vi opnar også galleriet med rundt 100 sitjeplassar.

Sitjeplassane kan ikkje reserverast – her gjeld førstemann til mølla!

Billettar
Du kan kjøpe billettar på servicetorget i Måløy eller på eBillett under «Nordfjordhallen og Måløy Kino».

Bedriftstur eller større vennegjeng?

Ønskjer bedrifta di å samle dei tilsette til ein heidundrande fest? Eller planlegg de ein kveld saman med ein større vennegjeng?

Ta gjerne kontakt med oss på nordfjordhallen@kinn.kommune.no for felles billettbestilling.

Slepp billettkøen – hent billettbandet på førehand!
Vi gjer det enkelt for deg å kome raskare inn på konserten!

Som sist vil vi ha ein stand på Måløy Brygge, der du kan byte billetten din inn i billettband både fredag 26. februar og laurdag 27. februar.

Vi kjem tilbake med nærare informasjon om klokkeslett for utleveringa.

Tidspunkt og aldersgrense
Dato: Laurdag 27. februar 2027
Dørene opnar: Kl. 20.30
Konsertstart: Kl. 22.00
Arrangementet sluttar: Kl. 00.00
Aldersgrense: 18 år
Kjøpte billettar blir ikkje refunderte, med mindre anna følgjer av gjeldande rett eller billettvilkår.

Servering og uteliv
Jibben Bar & Scene står for serveringa denne kvelden og sørgjer for at du kan nyte noko godt i glaset medan du kosar deg med musikken og stemninga.

Når konserten er over, anbefaler vi å ta turen vidare til utestadene i Måløy sentrum, der festen kan halde fram utover natta!

Overnatting og transport
Overnatting: Treng du ein stad å overnatte? Jibben Hotell og Thon Hotel Måløy er gode alternativ.

Transport: Vi anbefaler å planleggje heimreisa på førehand. Måløy Taxisentral er eit godt alternativ for transport til og frå arrangementet.

Parkering og inngang
Det er parkeringsplassar ved modulskulen, stadion og på oversida av Måløy vidaregåande skule.

Hovudinngangen er ved kantina i 2. etasje. Vi har også eit uteområde i bakgarden til Nordfjordhallen.

Adresse: Nordfjordvegen 9111, 6718 Deknepollen.

Kom gjerne tidleg!
Vi anbefaler å møte opp i god tid. Då kan du finne deg ein god plass, treffe kjende og nyte stemninga før Vassendgutane går på scena.

Vårt personale vil ta godt vare på dykk gjennom kvelden, og vi legg til rette for ein skikkeleg fest med både sitjeplassar, god servering og herleg bygderock!

Samle venegjengen og bli med på ein heidundrande fest med Vassendgutane i Samfunnshallen laurdag 27. februar 2027!