Vassendgutane - (18 års grense)
Billettar
Om arrangementet
20. februar 2026 inviterer "Nordfjordhallen idretts- og kulturarena" og "Jibben Bar & Scene" alle til ein ny etterlengta konsert med Vassendgutane i Samfunnshallen.
VASSENDGUTANE, ORIGINALEN AV FESTCOUNTRY!
100% LIVE - 18 ÅRS GRENSE!
Ein konsert med Vassendgutane er ei unik oppleving.
Bandet leverer eit show som få andre band i denne sjangeren kan måle seg med. Allsangen «runger» i store hallar og på dei store festivalane når bandet spelar. Stikkord er glede, fest og eit band som verkeleg inkluderer sitt publikum frå første strofe.
Bandet legg stor vekt på kvalitet og det visuelle uttrykket. Dei opptrer 100% live. Det blir råning, ungkarar og hjortejakt - og sjølvsagt slagarane «Ungkar Med Dobbelseng», «Granada», «Hjortejakt» og «Longt Inne I En Fjord».
Billettar: Du kan kjøpe billettar på servicetorget i Måløy eller på eBillett "Måløy Kino & Kultur".
Ønsker di bedrift å samle dei tilsette til ein heidundrande fest hos oss, kan du bestille billettar ved å sende ein e-post til nordjordhallen@kinn.kommune.no.
Arrangementet har 18 års aldersgrense. Kjøpte billettar vert ikkje refundert. Jibben Bar & Scene vil stå for serveringa denne kvelden.
Dørene opnar kl. 20.30, og konserten startar kl. 22.00. Arrangementet varer til kl. 00.00. Etter festen i Nordfjordhallen anbefaler vi å ta turen til utesteder i Måløy, der kvelden held fram utover natta.
Treng du overnatting? Jibben Hotell og Thon Hotel Måløy er gode alternativ for overnatting.
Transport For transport til og frå Måløy anbefalast det å bruke Måløy Taxisentral. Taxisentralen vil ha ekstra bemanning denne kvelden for å sikra at folk kjem seg til og frå sentrum.
Parkering Det er parkeringsplassar ved modulskulen, ved stadion og på oppsida ved Måløy Vidaregåande. Hovudinngangen er ved kantina i 2. etasje, og vi har eit uteområde i bakgarden til Nordfjordhallen. Adressa er Nordfjordvegen 9111, 6718 DEKNEPOLLEN.
Kom tidleg Det anbefalast å komme tidleg slik at du rekk å få med deg heile konserten. Jibben sitt personale vil ta godt vare på dykk under vårt arrangement. Sjølvsagt åpnar vi galleriet med sitteplasser for 100 personer. Her blir det fyrste mann til mølla.
Kom og opplev feststemninga med Vassendgutane i Samfunnshallen 20. september 2026!
